Niko Kranjčar
Niko Kranjčar (fødd 13. august 1984) er ein kroatisk tidlegare fotballspelar frå Zagreb. Han spelte på ei rekke lag i heimlandet og utanlands, lengst hos Dinamo Zagreb og Portsmouth FC. Perioden 2004-13 deltok han i 81 av Kroatia sine landskampar. Han var offensiv midtbanespelar.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Kranjčar spelte på Dinamo Zagreb frå 2001 til han i januar 2005 vart overført til rivalen Hajduk Split. I tida med Dinamo vann han tre cupfinalar og vart seriemeister i 2003. Etter overgangen til Hajduk var han med å sikre klubben frå Split topplassen i den kroatiske fotballserien. Sommaren 2006 skreiv Kranjčar kontrakt med Portsmouth FC, og var sterkt delaktig til at laget vann FA-cupen 2008. Frå hausten 2009 til 2015 gjorde han, etter tur, teneste i Tottenham Hotspur, Dynamo Kyiv, Queens Park Rangers, utan noko anna suksess enn opprykk for QPR. Endå mindre åtgaum skapte ein skadeplaga spelar i New York Cosmos og Rangers FC.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Kranjčar fekk sin landslagsdebut 18. august 2004, då faren Zlatko Kranjčar var landslagssjef. Dei neste ni åra spelte han mykje godt fast på Kroatia sitt landslag, deltok i Fotball-VM 2006, europameisterskapen i 2008 og 2012. Fram til og med sine to siste kampar i oktober 2013 skåra han 15 landslagsmål. Mellom anna skåra han då Kroatia den 21. november 2007 vann 3–2 på Wembley stadion i London, og dermed eliminerte England frå Fotball-EM 2008. Kranjčar skåra elles sigersmålet då Noreg gjekk på eit 1–2-tap i Zagreb den 12. oktober 2010.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Seriemeister i Kroatia: 2003 for Dinamo Zagreb, 2005 for Hajduk Split
- Kroatisk cupvinnar: 2001, 2003, 2004 for Dinamo Zagreb
- Vinnar av FA-cupen: 2008 for Portsmouth
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Niko Kranjčar» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2021.